Klargjør siden...

Krev abortrett for kvinner smitta av zikaviruset

(NPK-NTB): Brasilianske advokatar, aktivistar og forskarar krev at brasilianske styresmakter må tillate gravide kvinner som fryktar at dei er smitta av zikaviruset å ta abort.

I Brasil får kvinner berre gjennomføre abort dersom graviditeten er livstruande eller har oppstått som følgje av valdtekt.

I 2012 lykkast ein gruppe aktivistar å få gjennom ei lov om at brasilianske kvinner også kan ta abort dersom fosteret har anencephaly, ein tilstand som hindrar normal utvikling av hjernen til fosteret.

Kravet om nye abortrettar for brasilianske kvinner skal leverast til Høgsterett innan to månader, skriv BBC.

Aktivistane meiner at den brasilianske staten er ansvarleg for zikautbrotet, fordi dei ikkje har gjort nok for å utrydde myggen som spreier viruset og derfor må ta ansvar.

Brasil er det landet som så langt er verst ramma av zikaviruset, med 270 bekrefta tilfelle av mikrokefali og 3.500 tilfelle som blir undersøkte.

Mikrokefali er kjenneteikna av at barna er fødde med unormalt små hovud og underutvikla hjernar. Det blir forska på om sjukdommen i tillegg fører til nedsett syn og høyrsel.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) melde torsdag at viruset har ei eksplosiv spreiing og kan smitte så mange som fire millionar menneske. (©NPK)

Annonse