Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Ei 41 år gammal svensk kvinne og hennar 18-årige sambuar, som blei arrestert i Trondheim tidlegare i veka, blir kravd varetektsfengsla for mord og mordforsøk.
npk@npk.no
Publisert: 02.09.2016 kl 12:50
Dei to er sikta for drap på faren til kvinna og drapsforsøk mot mora i sommarhuset til foreldra i Arboga 3. august.
– Eg har vurdert at etterforskinga er tilstrekkeleg til å krevje dei fengsla for drap og drapsforsøk, seier påtaleansvarleg og etterforskingsleiar Jessica Wenna ved påtalemakta i Västerås til Aftonbladet.
Paret blei arrestert på eit hotell i Trondheim etter at 41-åringen landa på Værnes med eit fly frå Thailand. Dei to blei også arresterte på Arlanda flyplass like etter drapet, men blei då slopne fri. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.