Klargjør siden...
Annonse

KrF avviser støtte til tvang i kommunereforma

(NPK-NTB): Kristeleg Folkeparti avviser omfattande bruk av tvang for å få gjennomført kommunereforma. – Kommunereforma er ei frivillig reform, seier Geir S. Toskedal.

Måndag sa 21 av 31 kommunar nei til samanslåing i folkeavstemmingar, og også resultata frå tidlegare viser at kommunereforma ikkje går på skjener. I Narvik vart det attpåtil sett botnrekord med berre 12.5 prosents oppmøte.

Stortinget har vedtatt at det kan brukast tvang for å få gjennomført kommunesamanslåingar «i heilt spesielle situasjonar», men opposisjonen avviser at bruk av tvang er aktuelt, skriv Nationen.

Ifølgje avisa skal samarbeidspartiet KrF vere innstilt på gi regjeringa støtte for omfattande tvangsbruk dersom nødvendig, men dette avviser representanten i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Geir Toskedal.

– Kommunereforma er ei frivillig reform. KrF avviser omfattande bruk av tvang. KrF har heile tida vore opptatt av fri vilje. Nationen har ikkje belegg for vinklinga si i avisa onsdag, seier Toskedal i ein kommentar onsdag. Han seier at han vil be avisa om eit dementi.

Både SV, Ap og Sp avviser bruk av tvang, og Venstre er langt på veg einig i dette. (©NPK)

Annonse