Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
KrF hentar seg inn igjen på ei ny måling, etter at merksemda om dei interne konfliktane har lagt seg. Samtidig får Frp flest mandat på Stortinget.
Publisert: 09.10.2024 kl 16:43
På målinga Opinion har utført for FriFagbevegelse og Dagsavisen, går KrF fram med heile 2,3 prosentpoeng frå førre måling til ei oppslutning på 4,3 prosent. Det er den einaste endringa på målinga som er utanfor feilmarginen.
Den siste tida har dei interne konfliktane i KrF, som enda med at leiar Olaug Bollestad trekte seg i august, fått mykje merksemd.
På målinga har Frp den største prosentvise framgangen med 2,3 prosent. Dei er også størst på Stortinget med 41 mandat – eitt mandat meir enn Høgre, trass i at Høgre har fleire prosent stemmer.
Sp får 4,9 prosents oppslutning, noko som er den lågaste på Opinions målingar sidan 2015.
Oktobermålinga i sin heilskap: Raudt 5,6 (-0,3), SV 10,6 (+2,0), Ap 18, 0 (-2,1), Sp 4,9 (-1,1), MDG 2,8 (-0,2), Venstre 5,5 (+0,2), KrF 4,3 (+2,2), Høgre 23,1 (-0,6), Frp 22,5 (+2,3), Andre 2,7 (-2,5).
Målinga er utført mellom 1, og 7. oktober blant 1000 personar. Feilmarginen ligg mellom 3,1 prosent og 1,4 prosent.
(©NPK)
Dag-Inge Ulstein er fungerande KrF-leiar fram til den nye leiinga skal veljast på eit ekstraordinært landsmøte i januar. Her avbilda under den høgtidlege opninga av det 169. storting. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.