Annonse
Annonse
Annonse

KrF legg bort primærstandpunkt i flyktningspørsmålet

(NPK-NTB): KrF vil snakke med alle parti og er villig til å legge bort primærstandpunkt for å møte flyktningkrisa.

Annonse

– Vi treng eit KrF i spissen for ein nasjonal dugnad som kan hjelpe flest mogleg. KrF held døra open for alle, og vi er også villige til å drøfte innstrammingstiltak dersom det kan føre til at fleire av dei mest naudlidande blir hjelpte, sa partileiar Knut Arild Hareide då han opna KrFs landsstyremøte fredag formiddag.

Hareide åtvara forsamlinga om at det blir krevjande.

– I alvor vil eg seie til landsstyret at desse samtalane ikkje berre vil vere om KrFs primærpolitikk. Men det er ein annan situasjon no enn i august, og betydeleg annan situasjon enn for to år sidan då vi forhandla fram asylavtalen i Nydalen. No legg KrF bort politisk prestisje til beste for Noreg, og til beste for enkeltmenneske i ein betydeleg krevjande situasjon, sa partileiaren. (©NPK)