Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er heilt avhengig av å få med seg Arbeidarpartiet for å få innført ei omstridd fråværsgrense i videregåande skule.
npk@npk.no
Publisert: 31.05.2016 kl 15:44
Utdanningskomiteen på Stortinget skal gje si sin innstilling i saka neste tysdag. Ei kartlegging VG har gjort viser likevel at korkje regjeringas to støtteparti, Venstre og KrF, eller Sp eller SV vil støtte den nye grensa på maks 10 prosent fravær i kvart enkelt fag i videregåande skule.
– Fråværsgrensa til regjeringa kan føre til at fleire ungdom gjev opp og droppar ut av skulen. Det kan vi ikkje leve med, seier Anders Tyvand, skulepolitisk talsmann i KrF.
SV har fremja eit eige framlegg om å droppe fråværsgrensa.
Det vil seie at Isaksen er heilt avhengig av å få Ap med seg for å få fleirtal. Ap har programfestet at partiet ønskjer at ein elev må vere til stades i undervisinga for å få karakter. Aps utdanningspolitiske talsmann Trond Giske skriv i ein SMS til VG at Ap førebels ikkje har konkludert i saka.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier i ein kommentar at stortingsfleirtalet vil gjere elevane ein bjørnetjeneste om dei droppar fråværsgrensa.
– Elevene det er snakk om skal ut i eit arbeidsliv der ein faktisk må møte opp kvar dag om ein ikkje har nokon god grunn til fråvær, seier Røe Isaksen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.