Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Avdanka campingbilar er eit problem for miljøet, meiner Kristeleg Folkeparti. Difor foreslår partiet at det innførast ein vrakpant på 2.000 kroner.
npk@npk.no
Publisert: 19.07.2016 kl 19:49
– Med statsråd Per Sandberg som ferierande bubil-entusiast og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen som bilfrelst, håper eg at dagens regjering ser behovet for gulrøter til campingfolket, seier partiets næringspolitisk talskvinne Line Henriette Hjemdal til NTB.
På spørsmål om kva KrF har tenkt å gjere med det, svarer Hjemdal at ho tok opp spørsmålet om vrakpant på campingbilar med tidlegare miljøvernminister Helen Bjørnøy (SV) som sa at dei ville følgje utviklinga fortløpande.
Hjemdal presiserer at ho er opptatt av ordninger som sikrar forsvarleg behandling av alt avfall, og støttar Venstre som meiner det er på tide å innføre vrakpant på båtar som skal kasta.
Om lag 250.000 personar eig campingvogn eller bubil i Norge, ifølgje Norsk caravan club. 120.000 av desse er registrert. (©NPK)