Klargjør siden...

Kringkastingsrådet diskuterte Sophie Elise-podkast

Kringkastingsrådet tok onsdag opp podkasten «Sophie & Fetisha», som NRK har fått inn 42 klagar på.

Kringkastingsrådet tok onsdag opp podkasten «Sophie & Fetisha», som NRK har fått inn 42 klagar på.

Den mykje omtalte og omstridde podkasten til Sophie Steen Isachsen og Fetisha Williams var første sak ut i Kringkastingsrådet.

Dei fleste klagene er reaksjonar på at NRK har valt å knyte seg til Isachsen, betre kjent som Sophie Elise, som profil. NRK påpeika at det bør vere plass til alle typar profilar hos dei, også influensarar.

– Det å lage innhald er ein stor og viktig del av det samansette oppdraget til NRK. Det å tøye grensene er også ein del av det vi meiner er oppdraget vårt, seier underhaldningsredaktør Christina Rezk Resar under møtet.

Rådsmedlem Trude Drevland framhevar episoden som handla om misbruk som både informativ og nyttig. Ho stiller seg likevel spørjande til om det å fremje abort og svært seksualiserande debattar er det som er ønskjeleg for å motivere unge lyttarar til NRK.

Kringkastingsrådets leiar Snorre Valen seier at debatten viser at det blir stilt ulike forventningar til unge menn og unge kvinner i offentlegheita. Medieforskar Vilde Schanke Sundet meinte at kritikken mot programmet bar preg av at det er veldig lett å vere kritisk til Sophie Elise.

(©NPK)

NRK får reaksjonar på at dei har valt å knyte seg til Sophie Elise som profil. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Annonse