Kringom kåra til årets beste bedriftsnamn

(NPK-NTB): Kringom har fått prisen til Språkrådet for årets beste norske bedriftsnamn. Vinnaren er namnet på kollektivtilbodet til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ein jury sett saman av folk frå Språkrådet i tillegg til Arne Hjeltnes har kåra vinnaren, som får gulldiplom.

Vinnaren har funne eit dekkjande og godt norsk namn til å skildra verksemda si. Kringom illustrerer kollektivtrafikken i eit fylke med lange reiseavstandar svært godt. Det er enkelt, kreativt og eit modig val, og det går fint inn i den språklege tradisjonen, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet.

Fem regionale vinnarar får også kvart sitt diplom:

  • Nord-Noreg: Han Sylte, produsent av marmelade i Valnesfjord
  • Midt-Noreg: Skrythals, reklamebyrå i Namsos
  • Vestlandet: Ægir, mikrobryggjeri i Flåm
  • Sørlandet/Telemark: Høgt heva, steinomnsbakeri i Tinn
  • Austlandet: Parat, arbeidstakarorganisasjon i Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (©NPK)
Annonse