Kripos i tettare samarbeid med Jodel etter truslar

(NPK-NTB): Etter at ei rad truslar er lagt ut via appen Jodel den siste tida, har Kripos bedt grunnleggjarane av meldingstenesta om eit tettare samarbeid for å finne dei som står bak truslane.

– Før helga bad vi Jodel om å hjelpe oss betre, slik at vi enklare, raskare og meir sikkert kan identifisere dei som står bak truslane. Vi opplever at Jodel no ønskjer å samarbeide endå tettare og vil hjelpe politiet med tilgjengeleg informasjon om kven som sender truslane, skriv Kripos i ei pressemelding måndag.

Så seint som fredag førre veke heldt alle skular i Narvik kommune stengt etter at det vart framsett ein bombetrussel på meldingstenesta. Det har også fleire gonger tidlegare blitt framsett truslar via appen, som gjer det mogleg å sende anonyme meldingar til ei stor gruppe i eit bestemt geografisk område.

– Dei som kjem med slike truslar, må vite at det har konsekvensar, også for dei personleg. Dei risikerer å bli arresterte, få inndratt telefon og datautstyr, og ein risikerer merknad i strafferegisteret som kan vere svært øydeleggjande for den enkelte, seier Thomas Stærk, leiar ved seksjon for internettrelatert etterforskingsstøtte i Kripos. (©NPK)

Annonse