Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Det er full krise i britiske Labour. Klokka 18 i dag skal parlamentsgruppa møtast for å drøfte om dei framleis har tillit til leiaren Jeremy Corbyn.
npk@npk.no
Publisert: 27.06.2016 kl 10:07
Corbyn har gjort det klart at han ikkje vil gi seg som Labour-leiar trass sterk brexit-kritikk. Måndag morgon utnemnde han nye medlemmer av skuggeregjeringa si etter at elleve av medlemmene har trekt seg i protest.
Mange partimedlemmer skuldar Labour-leiaren for å ha svikta under brexit-valkampen. Trass i at Corbyn stilte seg på bli-sida i debatten, blir han skulda for å ha vore altfor passiv og derfor for å ha bidratt til at bli-sida tapte.
Corbyn var sjølv tidlegare EU-motstandar, og han var lite synleg i valkampen, trass i at Labour var for å bli verande i EU. Mange av dei som stemte mot EU, var kvite arbeidarpartiveljarar.
Labour-leiaren slår tilbake og seier han ikkje vil svikte den tilliten han fekk frå partimedlemmene då han vart valt i september.
– Eg beklagar at kollegaer har trekt seg frå mi skuggeregjering. Men eg sviktar ikkje dei som valde meg, eller dei millionar av støttespelarar rundt om i landet som treng Labour til å representere dei. Dei som ønskjer endringar i leiinga av partiet, kan stille til val, der også eg er blant kandidatane, seier han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.