Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Kristiansund fekk med seg 4–2 frå bortemøtet med Sogndal i 1. divisjon fotball. Laga har like mange poeng i jaken på spel i Eliteserien.
Publisert: 04.10.2023 kl 20:06
Fem rundar før slutt står begge på 38 poeng. Kristiansund er nummer fem og framfor Sogndal på målforskjell. Ein plass blant dei seks beste gir opprykksmoglegheiter.
Dan Peter Ulvestad tok KBK i føringa etter eit kvarter. Han hadde mange rundt seg, men fekk likevel stange inn eit frispark. Før pause kom også 2–0 ved Torgil Gjertsen, som skåra på ein andreball.
Etter vel ein halvspelt andre omgang vart det spenning på Fosshaugane Campus. Sondre Ørjasæter kom i full fart og styrte hardt inn 1–2.
Sluttminutta vart innhaldsrike. Først la Brynjólfur Willumsson på til 3–1 for gjestene frå straffemerket, men like etter kunne Andreas Hoven redusere i kjølvatnet av eit hjørnespark.
Langt ut i overtida var KBKs siger i boks. Då kom Mikkel Rakneberg åleine med målvakt og skåra sikkert.
Sogndal har berre to sigrar på dei ni siste kampane sine. Rekkja er heller ikkje spesielt lystig for Kristiansund (to på åtte), men fekk ein opptur onsdag.
(©NPK)
Det blei bortesiger til Kristiansund mot Sogndal onsdag. Foto: Christoffer Andersen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.