Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Alexander Kristoff og Lars Petter Nordhaug var sjanselause på den tøffe fjerde etappen i Tour of California på sykkel torsdag.
npk@npk.no
Publisert: 19.05.2016 kl 19:05
Kristoff enda på 80.-plass og blei slått av vinnaren Peter Sagan med 9.02 minutt. Nordhaug på plassen bak kom inn seks sekund bak landsmannen og blei nummer 81.
Best av dei norske som deltok, blei forholdsvis ukjente Sindre Skjøstad Lunke på 33.-plass. Han kom inn i ei stor gruppe som var 1.06 minutt bak vinnaren i mål.
Sagan køyrde gjennom den 215 kilometer lange etappen på 5.16.33 timar. Greg Van Avermaet tok andre- og australiaren Nathan Haas tredjeplassen.
I samandraget er det franskmannen Julian Alaphilippe som leier. Han har 22 sekunds forsprang til amerikanaren Peter Stetina.
Nordhaug ligg på 343.-plass og er 13.35 minutt bak, mens Kristoff på 88.-plass er 31.03 minutt bak leiaren. Også i samandraget er Lunke beste nordmann. Han er nummer 26 og er 5.32 minutt bak teten.
Femte etappe fredag er på 213 kilometer og endar i Lake Tahoe. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.