Annonse

Kristoff slått av Sagan på målfoto

(NPK-NTB): Alexander Kristoff jubla for siger, men målfoto viste at nordmannen tapte med minste margin for Peter Sagan på den 16. etappen av Tour de France. Sondre Holst Enger blei nummer tre.

– Eg ser jo at eg hadde vunne om eg hadde kasta fram sykkelen, sa Kristoff til TV 2 då han fekk sjå bileta etter målgang.

– Det var ein tabbe av meg. Mållinja kom litt tidlegare enn eg trudde, sa nordmannen før det kom eit lite bannord.

– Eg var oppteken av å spurte så for eg kunne. Det er surt, laget jobba veldig godt.

Unge Sondre Holst Enger imponerte igjen og blei nummer tre.

– No er eg veldig nøgd. Ein tredjeplass i Tour de France, det var det eg sikta litt mot òg. Eg kjende meg veldig bra i spurten. Eg frykta eg skulle bli sperra inne, men eg fann ei opning, seier Holst Enger.

Vegard Breen prøvde å ta seg opp til duoen saman med blant andre Lawson Craddock og Nicolas Edet, men lykkast ikkje.

Mot slutten av etappen henta eit raskt hovudfelt inn Martin og Alaphillipe. Rui Costa prøvde å snyte spurtarane for sigeren med eit ambisiøst angrep like før målgang, men til slutt enda det heile med ein massespurt – der Sagan var sterkast.

Tysdag er det kviledag i Tour de France. (©NPK)

Annonse