Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Henrik Kristoffersen er i sponsorkonflikt med Norges Skiforbund. Stortalentet vil, til liks med Aksel Lund Svindal, promotere Red Bull på hjelmen, men får ikkje lov, skriv VG.
npk@npk.no
Publisert: 14.06.2016 kl 08:27
– Vi er framleis i dialog, men har ikkje komme til semje, seier pappa og manager Lars Kristoffersen til avisa.
Ifølgje Skiforbundet er årsaka at avtalen med Telenor vart signert etter at Lund Svindal fekk godkjent Red Bull-reklame på hjelmen i konkurranse.
Overfor VG erkjenner pappa Kristoffersen at det kan bli advokatmat.
– Det har vi gjort tidlegare også. Det er ikkje berre å ture fram, ting må gjerast rett, seier han.
– Eg synest Skiforbundet vinglar, det er ikkje nokon raud tråd, fastslår Kristoffersen.
– Det får stå for hans rekning, svarar sportssjef for alpint, Claus Ryste.
– Vi er i ein prosess med løparkontraktar, så vi har ikkje så mykje å seie, fortset han.
Ifølgje VG begynner det likevel å haste. I utgangspunktet er juli fristen for å signere ein ny utøvaravtale med Norges Skiforbund. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.