Annonse

Kritikken aukar mot Texas-politiet etter skuleskytinga

Politiet i Texas får flengjande kritikk for framferda si under skuleskytinga. Fredag vart det kjent at politifolka venta 47 minutt utanfor klasserommet.

Då gjerningsmannen til sist vart skoten av ei grensevakt, var det gått halvannan time frå han først kom til åstaden i bil.

Det vekkjer oppsikt at Texas-politiet endrar forklaringa si om hendinga. I den siste uttalen gitt fredag, opplyser dei at den 18-årige gjerningsmannen gjekk uforstyrra utanfor Robb Elementary i Uvalde i 12 minutt før han tok seg inn på skulen der han drap 19 barn og to lærarar.

Det motseier tidlegare utsegner frå politiet, som konkluderte med at drapsmannen vart konfrontert og skote på av politiet kort tid etter at han kom til staden.

Det store spriket i tidsrom, kombinert med videoar som viser frustrerte foreldre som blir takla og lagde i handjern av politiet medan drapsmannen framleis var inne på skulen, har ført til aukande sinne og kritikk frå etterlatne og offentlegheita.

Det har også vorte sett spørsmålsteikn ved påstandar frå guvernør Greg Abbott, som tidlegare denne veka hylla den raske responsen til politimennene som utveksla skot med gjerningspersonen før han gjekk inn på barneskulen.

Trudde ikkje barna var i fare

Fredag seier delstatsstyresmakter at politiet venta 47 minutt på gangen før dei tok seg inn i klasserommet der skuleskyttaren var og drap han.

– Det var feil avgjerd, punktum. Det er inga unnskyldning for det. Vi meiner politiet burde teke seg inn så fort som mogleg, konstaterte Steven McCraw, som leier Texas Department of Public Safety.

Ifølgje nyheitsbyrået AP trudde ikkje innsatsleiaren på staden at barna var i fare, og at skuleskyttaren hadde låst seg inne på eit klasserom. Under angrepet ringde lærarar og barn fleire gonger til politiet.

No krev fleire ei gransking av politiet innsats under tragedien, skriv BBC.

Forsvarar reaksjonen til politiet

Den siste tidslinja for innsatsen til politiet vart gitt på ein pressekonferanse av Victor Escalon i Texas Rangers, som fleire gonger sa at han ønskte å «oppklare» tidlegare utsegner. Samtidig forsvarte han reaksjonen til politiet og snakka om den kjenslemessige belastninga masseskytinga har hatt på dei involverte politimennene.

– Vi har det alle vondt inne i oss, sa han.

Escalon sa på pressekonferanse at 18-åringen krasja bilen sin i nærleiken klokka 11.28 og at den første nødsamtalen kom inn til politiet fire minutt seinare. Ifølgje Escalon var politiet på staden 11.36, men det er framleis uklart kor nært dei kom gjerningspersonen eller om dei prøvde å gå inn på skulen, skriv kanalen.

Politiet sa først at dei tok seg inn på skulen tidleg, men at dei tok dekning etter å ha komme under kraftig eld. Det gjekk Escalon tilbake torsdag.

Trygla politiet om å storme

– Dei gjekk ikkje omgåande inn på skulen på grunn av skotvekslinga, sa han.

Først klokka 12.58 vart 18-åringen skoten og drepen av ei taktisk eliteeining frå USAs grensepatrulje. Escalon tona ned tidlegare utsegner frå politiet om at det hadde vore pågåande skotvekslingar under tragedien.

– Mesteparten av skota fall i byrjinga, sa han, ifølgje BBC.

Vitne har sagt at politiet var nølande med å konfrontere drapsmannen, og videoar frå åstaden viser at politimennene samla seg utanfor skulen medan dei vart oppmoda av desperate familiemedlemmer til å storme bygningen. Ein far skal ha foreslått å gå inn utan å vente på politiet, ifølgje AP.

(©NPK)

Steven McCraw frå Texas Department of Public Safety kritiserer reaksjonen til politiet på skuleskytinga i Uvalde – spesielt tida det tok å stanse drapsmannen. I staden for å omgåande bryte seg inn i eit av klasseromma på skulen og stanse gjerningspersonen, valde innsatsleiaren å vente på eit taktisk team med utstyr. Foto: Wong Maye-E / AP / NTB

Victor Escalon i Texas Rangers har måtta avkrefte mange av utsegnene politiet har gitt om eigen innsats under skulemassakren i Uvalde i Texas. Foto: Dario Lopez-Mills / AP / NTB

Ei kvinne legg ned blomstrar ved ein minnestad for offera som vart drepne. Foto: Dario Lopez-Mills / AP / NTB