Klargjør siden...

Kroatia vann intenst VM-drama – til kvartfinale etter straffesparkkonkurranse mot Japan

Målvakta Dominik Livakovic vart straffehelt då Kroatia sikra seg kvartfinalebillett i fotball-VM i Qatar etter straffesparkkonkurranse mot Japan.

Livakovic redda forsøka frå både Takumi Minamino, Kaoru Mitoma og Maya Yoshida etter at det stod 1–1 etter ordinær tid og ekstraomgangar. Då gjorde det ingenting at Kroatia sjølv bomma på eitt av straffesparka sine.

Den tapande finalisten frå VM i 2018 fekk ein vond kalddusj då Daizen Maeda sikkert sende Japan i leiinga like før pause. Ivan Perisic utlikna like etter kvilen, og siger på straffespark gjer at draumen om ein ny VM-finale lever vidare for Kroatia.

I VM for fire år sidan vart alle Kroatias utslagskampar på vegen mot finale avgjort etter anten ekstraomgangar eller straffesparkkonkurranse. Den gong vart Danmark, vertsnasjonen Russland og England slått før Frankrike vart for sterke i finalen.

Også i 2018 rauk Japan ut av VM i åttedelsfinalen. Då kontra Belgia og Nacer Chadli inn 3–2 på overtid av ordinær tid etter ein imponerande snuoperasjon.

Kven som blir Kroatias kvartfinalemotstandar blir klart seinare måndag. Då skal Brasil og Sør-Korea spele om vidare billett i fotball-VM.

Store moglegheiter i opningsminutta

Ein god japansk hjørnesparkvariant gav midtstoppar Shogo Taniguchi ei stor moglegheit med pannebrasken frå fem meter etter berre to minutts spel i åttedelsfinalen måndag.

Headingen sneik seg imdlertid på feil side av stengene for japanaranes del.

Få minutt seinare fekk Tottenham-spelar Ivan Perisic sjansen åleine med Japans sisteskanse Shuichi Gonda. Sistnemnde gjekk sigrande ut av duellen med ei strålande redning, og heller ikkje returballen fekk kroatane sett i mål.

Før halvtimen var unnagjord var VM-finalisten frå 2018 igjen nær skåring, men Andrej Kramaric fekk ikkje pirka ballen i mål.

Japansk nettsus

Like før sidebytet låg ballen i staden i nettet på motsett banehalvdel, og endå ein gong var det eit kort hjørnespark som skulle skape trøbbel i det kroatiske forsvaret.

Kaptein Maya Yoshida fekk foten på eit godt slått innlegg, og på nærast ope mål ekspederte Maeda ballen sikkert i mål. Nettkjenninga kom kort tid etter at Daichi Kamada hadde bomma på ein stor målsjanse. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1–0 til Japan.

Ti minutt etter sidebytet fekk Perisic sin revansj etter den misbrukte sjansen i første omgang. Den 33 år gamle ringreven sette pannebrasken glitrande til eit strålande innlegg frå Dejan Lovren, og Perisic gjorde dermed sitt tiande mål i EM og VM i karrieren.

Etter dryge timen kunne snuoperasjonen vore fullbyrda, men Gonda i det japanske buret stoppa ein Luka Modric-kanon på meisterleg vis. Dermed stod det 1–1 etter ordinær tid og sjansefattige ekstraomgangar.

(©NPK)

Ivan Perisic heada vakkert inn utlikningsmålet mot Japan. Foto: Ricardo Mazalan/ AP/ NTB.

Daizen Maeda (i midten) sørgde for japansk jubel like før pause mot Kroatia. Foto: Francisco Seco/ AP/ NTB.

Japans Shogo Taniguchi fortviler etter å ha misbrukt ein stor målsjanse tidleg i kampen mot Kroatia. Foto: Thanassis Stavrakis/ AP/ NTB.

Annonse