Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Finn Hågen Krogh vann etappen i Tour de Ski fredag, medan Martin Johnsrud Sundby tok 2.-plassen og auka leiinga samanlagt.
npk@npk.no
Publisert: 08.01.2016 kl 12:37
Sundby hadde ein dårleg dag onsdag, tapte mykje til konkurrentane og var spent på kroppen fredag. På den einaste Tour-etappen med intervallstart, 10 kilometer fri teknikk, svarte han både seg sjølv og alle andre.
Han slo knockout på Petter Northug, som måtte nøye seg med 15.-plass og var slått med over halvminuttet. Samanlagt er Sundby nesten halvanna minutt føre Northug før dei to siste etappane.
Finn Hågen Krogh fekk ein fantastisk revansj etter at han mista begge skia på etappen onsdag. Fall har også øydelagt for han tidlegare i Touren.
– Ein stor dag for meg. Det har vore opp og ned for meg i Touren, men eg ville veldig gjerne gjere det stort i dag. Viljen til å vinne var sterkare enn smerta, og eg gav alt til slutt, sa Krogh til FIS rett etter målgang.
Han var åtte sekund bak Sundby etter 6,7 kilometer, men avslutta knallhardt og vann med 3,6 sekund. Maurice Manificat frå Frankrike vart nummer tre og russiske Sergej Ustjugov nummer fire.
Samanlagt er Sundby 1.28 minutt føre Northug og 1.31 føre Justjugov. Krogh avanserte til 4.-plass og er 2.07 minutt bak leiaren. (©NPK)