Annonse

Kronprins Haakon til Utøya

(NPK-NTB): Kronprins Haakon og statsminister Erna Solberg deltek under femårsmarkeringa for terrorangrepa 22. juli både på Utøya og i regjeringskvartalet.

22. juli i år er det fem år sidan terrorangrepa ramma Noreg. 77 personar vart drepne, 69 på AUFs sommarleir på Utøya og 8 personar i regjeringskvartalet.

Femårsdagen blir markert med minneseremoniar både i regjeringskvartalet og på Utøya.

Kronprins Haakon og statsminister Erna Solberg (H) deltek under minneseremonien på Utøya, og dei vil avleggje eit besøk på minnestaden på øya.

Solberg vil også tale under minnestunda i regjeringskvartalet om morgonen.

Kronprinsparet, representantar frå regjeringa og Arbeidarpartiet, AUF og Støttegruppa etter 22. juli-hendingane vil også vere til stades i regjeringskvartalet.

Under markeringa vil namna på alle dei 77 offera bli lesne opp.

Støttegruppa varsla i fjor at dei vil tone ned dei offisielle markeringane av dagen etter femårsmarkeringa. (©NPK)

Annonse