Annonse

Kronprins Haakon trur ikkje Märtha Louise blir fråteken prinsessetittelen

Kronprins Haakon seier til Dagens Næringsliv at Märtha Louise neppe blir fråteken prinsessetittelen på grunn av koplingar til Durek Verrets næringsverksemd.

– Vi får sjå kvar det endar, men det ser ikkje ut som det går den vegen, seier kronprinsen til DN.

Han gjer det klart at kongehuset er i ein prosess for å finne ut av kva roller Märtha Louise kan ha, og at vurderingane ikkje er lette.

– Det er ein litt vanskeleg balansegang for meg. På den eine sida har søster mi vorte forlova, og eg har det hyggjeleg saman med Durek når vi møtest. Eg ønskjer veldig at han skal kjenne seg velkommen i familien vår. Og så er eg glad i søster mi. Samtidig kjenner eg eit veldig ansvar for institusjonen, seier kronprins Haakon.

Det er tidlegare avklart at Märtha Louise ikkje kan bruke prinsessetittelen i det kommersielle samarbeidet sitt med Durek Verrett.

(©NPK)

Kronprins Haakon seier at kongehuset vurderer kva slags roller Märtha Louise kan ha, men at ho neppe blir fråteken prinsessetittelen.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Annonse