Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Kronprins Haakon har bursdag onsdag. Han blir 49 år gammal.
vaktsjef@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 20.07.2022 kl 05:00
Det er offisiell flaggdag over heile landet for å markere bursdagen, men sjølv kjem kronprinsen til å halde ei tilbakehalden feiring.
– Den blir feira privat, opplyser kommunikasjonssjef Guri Varpe på Slottet til NTB.
Kronprinsen har lagt bak seg eit aktivt år sidan sist han hadde bursdag. Mellom anna var han på offisielt besøk i USA i desember. Saman med kronprinsesse Mette-Marit har han også vore på fylkestur til Viken i september og på Svalbard i april. Dei var også på offisielt besøk i Sverige i mai.
Kronprinsparet feira også 20 års bryllaupsdag i fjor haust. I tillegg har 18-årsdagen til dottera, prinsesse Ingrid Alexandra, vorte feira.
– Pappa, takk for at du tek oss med på ski og surf, og alle moglege aktivitetar. Du fiksar og ordnar, og er roleg når vi andre ikkje er det, sa prinsessa til faren i talen sin under gallamiddagen.
Kronprins Haakon er den neste i arverekkja til trona i Noreg etter kong Harald. Det kan likevel bli ei stund til han blir konge.
– Dei må nok halde ut med meg ei stund til, sa kong Harald i 18-årstalen sin til Ingrid Alexandra, som er neste i arverekkja etter Haakon igjen.
(©NPK)
September 2021: kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit markerte 20-års bryllaupsdag med eit lunsjmøte på Skaugum med noverande og tidlegare samarbeidsprosjekt til Kronprinsparets Fond. Bryllaupsdagen var eigentleg 25. august, men markeringa blei utsett grunna korona. Foto: Lise Åserud / NTB/ NPK
September 2021: kronprins Haakon får smake på godsakene under eit besøk på Askim Frukt- og Bærpresseri som del av fylkesturen til Viken. Foto: Berit Roald / NTB/ NPK
Februar 2022: kronprins Haakon besøker dugnadsgjengen på Skar leir i Maridalen i Oslo. Foto: Javad Parsa / NTB/ NPK
Februar 2022: kronprins Haakon hoppa i havet frå ei ni meter høg bru då han besøkte Dale Oen Senteret i Øygarden. Foto: Marit Hommedal / NTB/ NPK
Mars 2022: kronprins Haakon spelte biljard under eit besøk på Mangfoldshuset og Mortensrud Aktivitetshus i Oslo. Foto: Fredrik Moen Gabrielsen / NTB/ NPK
Mars 2022: kronprins Haakon besøker den svensk-finske brigaden som deltar på Nato-øvinga Cold Response på Skoglund leir ved Bjerkvik. Foto: Annika Byrde / NTB/ NPK
April, 2022: Sledetur på Svalbard med kronprinsen og kronprinsessa. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB/ NPK
Juni, 2022: Kronprinsen talar til dottera, prinsesse Ingrid Alexandra, i samband med gallamiddagen for å markere 18-årsdagen hennar. Markeringa av bursdagen blei utsett på grunn av korona. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Juni, 2022: superspiss Erling Braut Haaland og kronprins Haakon under vennskapskampen i fotball på Skaugum stadion. Kampen er eit samarbeid mellom kronprinsfamilien og Noregs Fotballforbund. Foto: Lise Åserud / NTB/ NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.