Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Saman med kristne toppleiarar frå heile verda markerte kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit starten på møtet i Kyrkjeverdsrådet i Trondheim.
npk@npk.no
Publisert: 22.06.2016 kl 19:50
Møtet, som varer til 28. juni, vart opna med ei gudsteneste i Nidarosdomen onsdag kveld. Tema som religion og vald, barns rettar og situasjonen i Midtausten står øvst på dagsordenen.
Heile den norske kongefamilien er i Trondheim i samband med tjuefemårsjubileet for signinga av kong Harald og dronning Sonja.
Jubileet skal feirast med ei gudsteneste i Nidarosdomen klokka 12 torsdag. Så godt som heile regjeringa er til stades saman med stortingspresidenten, høgsterettsjustitiarius, mange av stortingsrepresentantane, fylkesmenn, fylkesordførarar og ordførarar frå Trøndelag.
Gudstenesta blir send på NRK1. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.