Klargjør siden...
Annonse

Kronprinsparet fekk prøve mjølking på jubileums-Dyrsku

(NPK-NTB): Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit besøkte fredag Dyrsku'n i Seljord og fekk vere med på opninga av det store 150-årsjubileet.

Kronprinsparet vart helsa velkommen mellom andre fylkesmann Kari Nordheim-Larsen, Seljord-ordførar Halfdan Haugen og politimeister Christine Fossen i Sør-Aust politidistrikt.

Omvisinga på Dyrskuplassen romma òg ein svært uhøgtidleg mjølkekonkurranse, der kronprinsen og kronprinsessa fekk prøve seg i dyst med landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) – vel å merke utan hjelp av mjølkemaskin.

Dagleg leiar for Dyrsku'n, Geir Helge Espedalen, rekna med at så mange som 40.000 besøkjande var innanfor portane den første dagen av arrangementet.

Dyrsku'n, som er den største handels- og landbruksmessa i landet, varer fram til søndag. (©NPK)

Annonse