Kronprinsparets fond samarbeider med Egmont

(NPK-NTB): Kronprinsparets Fond og danske Egmont Fonden har inngått ein avtale verdt 12,5 millionar kroner. Pengane skal støtte prosjekt retta mot barn og unge.

Innsatsen vil støtte prosjekt for å førebyggje fråfall i vidaregåande skule og for å betre kvaliteten på vikarundervisning i skulen.

Egmont driv medieverksemd og står i Noreg bak TV 2, Egmont Publishing, Nordisk Film og Nordisk Film Kino, og halvparten av Nettavisen og Cappelen Damm. Kvart år går nær 100 millionar av overskotet frå den kommersielle medieverksemda til prosjekt om trivsel og læring for barn og unges.

Dagleg leiar i Kronprinsparets Fond Irene Lystrup forsikrar at pengestøtta ikkje set kronprinsparet i noka takksemdsgjeld til den store medieaktøren:

– Vi er ei juridisk sjølvstendig eining, eit uavhengig fond, så det er ikkje kongehuset som inngår eit samarbeid her. Vi gjer ei vurdering av alle samarbeidspartnarar med tanke på habilitet, det har vi også gjort, seier ho til NTB.

I Noreg støttar Egmont Fonden også Forandringsfabrikken, Senter for Krisepsykologi, Stine Sofies Stiftelse, Alternativ til Vold og Norske Kvinners Sanitetsforening. (©NPK)

Annonse