Kroppskommentarar frå foreldre skadar både tynne og overvektige barn

(NPK-NTB): Ny forsking viser at foreldre-kommentarar om kropp og vekt er skadeleg for barn – uansett om dei er overvektige eller tynne.

Kroppskommentarane kan gi dårleg sjølvbilete og føre til usunne etemønster, overvekt eller eteforstyrringar, skriv VG. Jenter er spesielt utsette.

Samira Lekhal, seksjonsoverlege ved senter for sjukleg overvekt i Helse sør-aust, meiner kommentarar om både eigen kropp og kroppen til barna bør vere av positiv karakter.

– Vi vaksne bør lære barna at ein sunn kropp handlar om ein sterk kropp og ikkje om ein er tjukk eller ikkje, seier ho til avisa.

Studien, som er gjort ved Cornell University i USA, viser at jenter blir meir fornøgde med kropp og vekt som vaksne om foreldra ikkje har kommentert vekta deira. Ein annan studie viser at barn kan utvikle eit dårleg kroppsbilde frå dei er fem-seks år. (©NPK)