ANNONSE
Annonse

Krutsterk Sjåstad Christiansen vann supersprinten i Blinkfestivalen

Vetle Sjåstad Christiansen dominerte supersprinten i skiskyting under Blinkfestivalen i Sandnes fredag.

Geilo-løparen nøgde seg med éin bom på den siste av dei fire skytingane og vann med 2,2 sekund føre Martin Femsteinvik. Han hadde også berre éin bom, og han kom på den tredje skytinga.

Sturla Holm Lægreid hadde tre bom og var seks sekund bak på 3.-plass.

Deretter følgde Martin Uldal, Vetle Rype Paulsen og Tarjei Bø. Rene Zakhna frå Estland vart beste utlending på 7.-plass.

Franske Quentin Fillon Maillet vart nummer ti.

Johannes Thingnes Bø enda opp som nummer 15. Han skaut tre bom, men var 2.22,6 minutt bak i mål.

(©NPK)

Skiskyttaren Vetle Sjaastad Christensen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB.

ANNONSE
Annonse