Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Selskapet Kryptovault, som har drive i dei gamle lokala til Dale Fabrikker i Vaksdal, flyttar til Nord-Noreg. Dermed krev Dale Fabrikker oppbod.
Publisert: 29.09.2022 kl 13:56
Dale Fabrikker er i dag hovudsakleg eit eigedomsselskap. Tekstilproduksjonen er avvikla, og selskapet har to tilsette, ifølgje E24.
– Dei historisk høge straumprisane dei siste månadene har medført at datasenteret, som har hatt ei omfattande verksemd i lokala til Dale Fabrikker, sa opp leigekontrakten, avvikla på Dale og flytta verksemda til Nord-Noreg, skriv styreleiar Christian Bjelland i ein e-post til E24.
I 2021 hadde selskapet ei omsetning på 68 millionar kroner og eit overskot på godt og vel 5,3 millionar kroner, ifølgje tal frå Brønnøysundregistera. Meir enn 60 millionar kom frå vidaresal av straum, medan 7,3 millionar kom frå leigeinntekter, opplyser selskapet.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.