Ku rømte i dødsangst

(NPK-NTB): Viltnemnda blei tilkalla for å hjelpe politiet etter at ei ku stakk av frå eit slakteri i Oslo torsdag ettermiddag.

«Furuset – Ei ku stakk av frå eit slakteri, sist observert i godt driv mot Alnaparken, vi er undervegs,» melde politiet Twitter torsdag ettermiddag.

Kua som skulle slaktast ved Fatland slakteri greidde å stikke av frå området. Saman med dei tilsette på slakteriet rykka politiet ut for å finne kua.

– Vi har lokalisert kua på eit grøntområde ikkje så langt unna slakteriet. Men dei slakteritilsette skildrar henne som heilt gal, så Viltnemnda er tilkalla for assistanse, seier operasjonsleiar Ola Krokan i Oslo politidistrikt til NTB.

Han skildrar kua som eldre enn to år fordi ho har horn. (©NPK)

Annonse