Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Dawid Kubacki forsvann frå Raw Air-avslutninga i Vikersund av personlege årsaker. No opplyser han at det var på grunn av kona som er sjuk.
Publisert: 20.03.2023 kl 15:52
Det skriv hoppstjerna på Instagram. Kubacki var den einaste som kunne passere Halvor Egner Granerud i verdscupsamandraget.
Kubacki skriv at kona hans Marta hamna på sjukehus på grunn av hjartet.
«Hun er i dårlig forfatning, og leger kjemper for livet hennes. Hun er i gode hender, hun er ei sterk jente. Jeg vet at hun vil kjempe», skriv Kubacki.
«Selvfølgelig er dette slutten på sesongen for meg, men det er ikke viktig nå», skriv han.
Granerud sjølv synest måten han vann verdscupen samanlagt for andre gong på var av den kjedelege sorten.
– Eg håpar alt går bra med Dawid. Eg trong berre 14 poeng i dag, så det var gode moglegheiter for å vinne verdscupen i dag uansett. Derfor var det ein litt kjip måte å vinne på, sa Granerud til NRK.
(©NPK)
Dawid Kubacki deltok ikkje i hopprennet i Vikersund søndag. Foto: Geir Olsen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.