Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP-AFP): Ei førebels oppteljing av stemmene i det peruanske presidentvalet viser at Pedro Pablo Kuczynski ligg an til å få marginalt større oppslutning enn Keiko Fujimori.
npk@npk.no
Publisert: 06.06.2016 kl 07:48
Grovteljinga frå det lokale meiningsmålingsinstituttet Ipsos-Apoyo gir den tidlegare statsministeren 50,5 prosent av stemmene, mens Fujimori, dottera til den korrupsjonsdømte ekspresidenten Alberto Fujimori, får 49,5 prosent.
Ei anna grovteljing gjort av GfK viser 50,8 prosent støtte til Kuczynski. Begge resultata gir Kuczynski siger med mindre margin enn feilmarginane i grovteljingane, og dermed blir resultata rekna som «teknisk uavgjort».
Ettersom valet er så jamt, må peruanarane truleg vente før dei får vite kven som er deira nye president.
77 år gamle Pedro Pablo Kuczynski er ein tidlegare finansmann som har jobba for Verdsbanken. Han var statsminister i Peru frå august 2005 til juli 2006.
I valet kjempa han mot Fujimori (41), som er populær i distrikta, men som også er mislikt av mange som assosierer henne med det autoritære styret til faren. Alberto Fujimori var president i Peru i ti år og vart seinare dømt for brotsverk mot menneskja og korrupsjon. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.