Annonse

Kulturarbeidarar i fakkeltog for ytringsfridom i Iran

Torsdag kveld samla norske kunstnarorganisasjonar seg framfor den iranske ambassaden. Dei protesterte mot vald og overgrep mot kollegaer og andre i Iran.

Annonse

– Norsk-iranarar har mobilisert for menneskerettar og demokrati i Iran sidan opprøret starta, skriv arrangørane i ei pressemelding.
Dei påpeikar at protestane i Iran framleis går føre seg, fire månader etter at Jina Mahsa Amini døydde i varetekta til det iranske moralpolitiet, og at styresmaktene framleis svarer med arrestasjonar og omfattande valdsbruk.
– Blant dei fengsla er minst 21 forfattarar, 57 journalistar og meir enn 100 kunstnarar, musikarar, teater- og filmfolk, skriv arrangørane og viser til tal frå ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN.
Ifølgje organisasjonen er meir enn 500 sivile drepne av dei iranske tryggingsstyrkane. Nærare 20.000 demonstrantar, aktivistar, forfattarar, kunstnarar, journalistar og studentar skal vere forfølgt, arrestert, torturert eller avretta etter oppdikta skuldingar, tvungne tilståingar og tvilsame rettssaker.
EMBED START Custom Blant dei fengsla er minst 21 forfattarar, 57 journalistar og meir enn 100 kunstnarar, musikarar, teater- og filmfolk, skriv arrangørane, ifølgje ytringsfridomsorganisasjonen Norske PEN. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB EMBED END Custom (©NPK)
Heidi Gjermundsen Broch song for kulturarbeidarar frå 27 fagforbund og organisasjonar då dei møttest til ei markering ved den iranske ambassaden.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB