Ledig stilling publisert: 22.04.2021 kl 12:03

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Bodil Brautaset
Tlf: 91194598
Tittel: Avdelingsleiar barnehage

Om stillinga
Heltid
Offentlig
Uspesifisert

Søknadsfrist

09.05.21

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Pedagogiske leiarar og barnehagelærarar

Volda kommune kan frå barnehageåret 2021/2022 ha ledige stillingar i barnehagane som pedagogiske leiarar og barnehagelærarar. Det kan verte ledig både faste stillingar og vikariat.

Tilsetjing vil vere avhengig av eventuelle interne overføringar.

Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppeintervju og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 11.05 og 12.05. Andre datoar kan og verte aktuelle.

Sektor for oppvekst sin visjon er:
Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærar.

Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.

Fleire av barnehagane er praksisbarnehagar, og dei som får tenestestad ved desse må vere budde på å ta på seg rettleiingsoppgåver av studentar.

Som pedagogisk leiar :
- vil du vere ein del av barnehagen sitt leiarteam
- har du ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet både for det einskilde barn og barnegruppa
- har du ansvar for å legge tilrette for eit godt og trygt omsorgs- og læringsmiljø i nært samarbeid med barn, foreldre og kollegaer
- har du ansvar for tverrfagleg samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartar
- har du medansvar for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
- har du medansvar for at personalet arbeider mot felles målsetjingar
- deltar du på møte, kurs og endrings- og utviklingsarbeid og held deg fagleg oppdatert
- må du vere ein raus og tydeleg leiar som rettleiar både barn og vaksne
- får du delegert arbeidsoppgåver frå styrar

Som barnehagelærar får du eit medansvar for:
- å prioritere barna sin leik, læring og medverknad i ein hektisk kvardag i nært samarbeid med pedagogisk leiar
- å legge tilrette for eit godt og trygt omsorgs- og læringsmiljø for det einskilde barn og barnegruppa i nært samarbeid med barn, foreldre og kollegaer
- tverrfagleg arbeid i nært samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartar
- utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
- å delta på møte, kurs, endrings- og utviklingsarbeid samt halde deg fagleg oppdatert
- at personalet arbeidar mot felles målsetjingar
- opplæring og rettleiing av medarbeidarar
- å vere ein aktiv bidragsytar i å utvikle eit godt arbeidsmiljø
- får du delegert arbeidsoppgåver frå styrar og pedagogisk leiar

Kvalifikasjonar
Du har:
- godkjent utdanning som barnehagelærar
- gode evner til kommunikasjon
- god framstillingsevne munnleg og nynorsk skriftleg.

Personlege eigenskapar
Du:
- prioriterer barn sin leik, læring og medverknad
- har evne til å bygge gode relasjonar og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- har evne til å lytte og søkje gode løysningar
- har høg fagleg kompetanse og evne til refleksjon om eigen og felles praksis
- er engasjert og motivert i arbeid med barn, foreldre og kollegaer
- arbeider ut i frå det autoritative perspektivet
- er endrings- og utviklingsorientert
- kan arbeide sjølvstendig og systematisk samtidig som ein søkjer samarbeid med kollegaer for å nå felles mål
- kan vere tydeleg på forventningar og tilbakemeldingar

Vi tilbyr
- utfordrande og spennande oppgåver i barnehagar som er i stadig utvikling
- eit kreativt og samarbeidande miljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- ein arbeidsplass der vi utviklar, ser og oppmuntrar kvarandre

Stillingane er plassert i kap. 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Arbeidsområder:

Pedagogisk leiar skal leie personalet og det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Gi barnet stimulering i høve eigenutvikling, bidra til kontaktskaping og samhandling med føresette.

Barnehagelærar skal utføre pedagogiske opplegg, gi barnet stimulering i høve eigenutvikling, kontaktskaping og samhandling med føresette. Arbeidet kan vere både i barnegruppa og/eller oppfylging av enkeltbarn.

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...