Ledig stilling publisert: 03.06.2021 kl 12:01

Arbeidsstad:

Urdene 7, 6763 Hornindal

Kontaktperson:

Astrid Dimmen
Tlf: 95770524
Tittel: Avdelingsleiar heimetenester

Om stillinga
Heltid
Offentlig
1 stilling

Søknadsfrist

16.06.21

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Seksjonsleiar i ambulerande helsetenester

Ambulerande heimetenester er i Volda kommune delt inn i tre grupper, med kvar sin seksjonsleiar. Ambulerande heimetenester gruppe 3 er den minste seksjonen, med om lag 10,5 årsverk. Seksjonen har base ved Hornindal omsorgssenter og yter praktisk bistand og helsetenester i heimen i distriktet som omfatter Hornindal, Bjørke, Viddal, Osdal og Kalvatn.

Vår gode seksjonsleiar skal gå av med pensjon i haust, og vi treng difor ein ny sjukepleiar inn i denne stillinga.

Seksjonsleiarstillinga har dagarbeidstid der ein kombinerer direkte tenesteyting med leiing og administrative oppgåver. Tre dagar i veka går ein inn som ein del av grunnbemanninga i tenesta. På denne arbeidsplassen får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar ilag med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Vi tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet.

Arbeidsdagane er varierte, og vi har ein arbeidsplass med takhøgde og godt arbeidsmiljø. Vi fokuserer på aktivitet, trivsel, rehabilitering, habilitering og har trua på tverrfagleg samarbeid. Vi er ei engasjert personalgruppe som brenn for brukarane våre og jobbar for å oppretthalde eit godt og mangfaldig fagmiljø.

Kvalifikasjonar

•Autorisert sjukepleiar

•Erfaring frå tilsvarande stillingar vil bli vektlagt

•Leiarutdanning er ynskjeleg, men det er ikkje eit krav

•Førarkort klasse B for manuell gir

•Krav om å legge fram tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring i høve tuberklulose

Personlege eigenskapar

•Må kunne identifisere seg med verdiane i Volda kommune: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE

•Er fagleg trygg og kompetent

•Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

•Har god relasjonell kompetanse

•Har gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeidsevner

•Som leiar i Volda kommune forventast at ein er "PÅ" og er god til å bygge tillit, meistring, motivasjon og organisasjonskultur.

Vi tilbyr

•Sjølvstendig og variert arbeid.

•Internopplæring og fagleg påfyll.

•Løn og arbeidsvilkår etter tariff.

•Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)

•Tilrettelegging for videreutdanning og personleg utvikling i jobben

•Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø

•Ein spennande arbeidsplass i stadig endring - du er deltakar i å utforme eigen arbeidsplass

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Arbeidsområder:

•Ansvar for dagleg drift i seksjonen, medansvar for effektiv forvaltning av ressursane

•Personalansvar, inkludert medarbeidarsamtalar, sjukefråværsoppfølging, turnusarbeid og liknande

•Vere ein pådrivar i utvikling- og endringsprosessar

•Vere ein tydeleg leiar som kan stå i utfordringar og som legg godt til rette for samarbeidsklima, medverknad og innovative løysingar

•Fagansvar for avdelinga, sjå til at tenestene har god fagleg kvalitet og arbeide med kontinuerleg kvalitetsforbetring av tenestene

•Delta i den interne leiargruppa som består av avdelingsleiar og seks seksjonsleiarar.

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...