Ledig stilling publisert: 22.11.2022 kl 12:51

Arbeidsstad:

Gymnasvegen 2, Volda

Kontaktperson:

Sigrun Heltne Vartdal
Tlf: 982 87 839
Tittel: Banksjef

Om stillinga
Heltid
Privat sektor
1 stilling

Søknadsfrist

05.12.22

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Kunderådgjevar bedriftsmarknad

Vi styrker laget vårt - er du klar?

Vil du bli med på å vidareutvikle eit svært interessant og spanande næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord? Då kan rolla som kunderådgjevar på bedriftsmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre vere den rette for deg.

For å levere endå betre kundeopplevingar, søkjer vi etter ein strukturert og analytisk medarbeidar med gode evner til relasjonsbygging og rådgjeving. Du må like å arbeide målretta i ein hektisk kvardag, både sjølvstendig og saman med kollegaer. Kjennskap til lokalt næringsliv og evne til å nytte relevant nettverk vil vere ein viktig del av rolla. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar saman for å få ting til å skje gjennom kompetansedeling og aktivt arbeid i marknaden. Passar dette for deg, kan du vere den vi ser etter.

Hovudkontoret vårt ligg i Volda og her ligg også avdelinga for bedriftsmarknad. Vi har avdelingskontor i Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy og Stryn, og vi møter kundane der dei er.

Lønn etter avtale. Gode pensjons-, forsikrings- og andre tilsettevilkår.

Sparebank1 Søre Sunnmøre

Gymnasvegen 2
6102 Volda

Hjemmeside

Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken har hovudkontor i Volda, og avdelingskontor i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg.

Arbeidsområder:

Viktige arbeidsoppgåver og forventningar:

•Bygge og utvikle eigen kundeportefølje gjennom behovsretta rådgjeving, proaktivitet og initiativ

•Sikre gode kundeopplevingar gjennom å vere ein viktig sparringspartnar for kundaneRådgjeving rundt banken sine produkt og tenester, med hovudtyngde på kreditt og finansiering

•Bidra til god samhandling på tvers av fagområde

•Vere ein lagspelar og ambassadør for banken gjennom å vere engasjert og til stades på dei arenaene der kunden er

•Bidra til eit godt arbeidsmiljø som er prega av engasjement, entusiasme og høg integritet

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Annonse