Ledig stilling publisert: 15.11.2023 kl 13:56

Arbeidsstad:
Volda
Kontaktperson:
Ronny Rotevatn
Tlf: 97721957
E-post: Send e-post
Tittel: Seksjonsleiar
Fagarbeidar i avdeling veg og park
Kvalifikasjonar
Primært ønskjer vi søkjarar med fagbrev. God og relevant erfaring og røynsle frå anleggsverksemd kan vere med å vege opp. Førarkort klasse BE, C, anleggsmaskiner og YSK er naudsynt. Erfaring med ulike anleggsmaskiner vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
Du er fleksibel, har god arbeidskapasitet, tek initiativ og har humor og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i vårt fellesskap.
Har gode samarbeidsevner og går godt overeins med andre.
Kunne norsk både munnleg og skriftleg. Er sjølvstendig i arbeidet.
Erfaring med å møte menneske i ulike situasjonar er viktig for oss og vert vektlagt i vår vurdering.
Vi oppmodar kvinner om å søkje.
Vi tilbyr
Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar og kort veg mellom medarbeidar og leiar. Moderne og oppdatert maskinpark og godt fokus på helse, miljø og tryggleik. Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk. God offentleg pensjonsordning i KLP. Det er ønskjeleg med tilsetjing snarast råd.

Volda kommune
Stormyra 2
6100
Volda
Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no
I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Arbeidsområder:
Nybygg, drift og vedlikehald av infrastruktur innanfor avdeling veg og park i samfunnsektoren. Vi nyttar it-system for oversikt, tildeling og gjennomføring av arbeidsoppgåver. Avdelinga yter tenester til alle innbyggarar i kommunen og er med på å gjere kvardagen for oss betre. Søkjar må vere villeg til å ta del i beredskap og brøytevakt.
Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.