Annonse

Ledig stilling publisert: 01.02.2024 kl 13:47

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Line Homberset
Tlf: 70058870
E-post: Send e-post
Tittel: fagkonsulent

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

26.02.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Lærar skuleåret 24-25

Volda kommune vil for skuleåret 24/25 truleg ha fleire ledige lærarstillingar, både heil- og deltid. Det vil kunne bli både faste stillingar og vikariat. Det kan vere behov ved fleire skular. Søkarane i denne runden vil vere aktuelle for behov som også måtte oppstå heilt fram mot skulestart.

Skulane i kommunen er som følgjer:

  • Hornindal skule, 1.-10.årssteg. ca 160 elevar
  • Folkestad skule, 1.-10.årssteg. Ca 65 elevar
  • Dalsfjord skule, 1.-10.årssteg. Ca 30 elevar
  • Mork skule, 1.-7.årssteg. Ca 90 elevar
  • Øyra skule, 1.-7.årssteg. Ca 370 elevar
  • Bratteberg skule, 1.-7.årssteg. Ca 170 elevar
  • Volda ungdomsskule, 8.-10.årssteg. ca 330 elevar
  • Volda kulturskule, ca 300 elevar
  • Volda Læringssenter (vaksenopplæring og integrering). Varierande elevtal. Grunna Ukrainakonflikten er det forventa eit elevtal på om lag 150.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver

Førebu, gjennomføre og etterarbeide undervisning. Anna tid med elevane, som til dømes elevsamtalar og tilsyn i friminutt. Legge til rette for/leie eit godt og trygt læringsmiljø, i nært samarbeid med elevar, føresette og kollegaer. Samarbeid med naturlege faginstansar, til dømes helsestasjon, PPT, BUP og barnevern. Deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid. Alle lærarar i grunnskulen i Volda må vere budde på å ta kontaktlæraransvar. Fleire av skulane er praksisskular, noko som gjer at alle lærarar må vere budde på å bidra inn mot lærarstudentar og praksis.

Sektor oppvekst arbeider etter visjonen om at "Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer". Alle våre tilsette skal ha dette som ei leiestjerne i sitt daglege arbeid.

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning, ved høgskule eller universitet. Dette inneber godkjent pedagogisk utdanning, og minimum 180 stp i relevante undervisningsfag. Volda kommune etterspør særleg lærarar som oppfyller kompetansekrava om 60 stp/30 stp i faga norsk, matematikk og engelsk (høvesvis ungdomssteget og barnesteget). Vi ser det som ein fordel at lærarane har breiast mogleg fagkompetanse, då kompetansekrava for lærarar i ungdomssteget er at ein også har 30 stp i dei andre faga ein skal undervise i.

Tidlegare erfaring viser at behovet for fagkompetanse kan endre seg utover våren.

Vi søkjer etter lærarar som har gode kunnskapar i faga dei skal undervise i, er autoritative vaksne som er gode klasseleiarar og har evne til å bygge gode relasjonar med elevane.

CV må fyllast ut i søknaden. Søkarane må og spesifisere i søknaden kva fag dei har 30, 60 eller meir studiepoeng i, og kva slags skuleslag søkarane ser på som aktuell for sin del.

Personlege eigenskapar

Vi forventar at den som vert tilsett har god evne til å bygge relasjonar med elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartar.

Vi forventar og at ein syner god evne til samarbeid og sjølvstende i arbeidet, og er med på å ta initiativ i skulen sitt faglege utviklingsarbeid. Vi legg vekt på at våre lærarar skal ha god klasseleiingskompetanse.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Dei som vert tilsette må legge fram gyldig politiattest, jf oppl.lova § 10-9. Prøvetida i Volda kommune er 6 månader. Volda kommune har god, offentleg pensjonsordning i SPK. Stillinga er plassert i kap 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.

Dei som er nyutdanna lærarar deltek på kommunen sitt mentorprogram "Nytt på nytt", der ein får jamleg oppfølging gjennom første arbeidsår som lærar. Dette skjer gjennom lokale og regionale samlingar, der Høgskulen i Volda og er samarbeidspart.

Fleire opplysningar får ein ved å vende seg til sektor oppvekst ved fagkonsulent Line Homberset, tlf 70058870, e-post: line.homberset@volda.kommune.no

Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Det vert og innhenta referansar i etterkant av intervju.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.