Annonse

Ledig stilling publisert: 06.02.2024 kl 09:18

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Bodil Brautaset
Tlf: 91194598
E-post: Send e-post
Tittel: Avdelingsleiar barnehage

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

25.02.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Pedagogiske leiarar og barnehagelærarar

Volda kommune vil frå barnehageåret 2024/2025 ha ledige stillingar i barnehagane som pedagogiske leiarar og barnehagelærarar. Det er ledig både faste stillingar og vikarstillingar. Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar.

Dei kommunale barnehagane er som følgjer:

  • Bratteberg barnehage
  • Engeset barnehage
  • Folkestad barnehage
  • Hornindal barnehage og Austefjord barnehage
  • Lauvstad barnehage
  • Mork barnehage
  • Oppigarden barnehage

Vi søker deg som er nysgjerrig saman med barn og som stimulerer til barn sin medverkand, undring leik og læring. Vi søker barnehagelærar som ønsker å støtte barn si lærelyst og bidra til eit godt grunnlag for livslang læring i nært samarbeid med foreldre. Det vert arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode utviklings- og læringsmiljø, som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse. Refleksjon over eigen praksis er ein naturleg del av kvardagen vår.

Fleire av barnehagane er praksisbarnehagar, og dei som får tenestestad ved desse må vere budde på å ta på seg rettleiing av studentar.

Sektor oppvekst sin visjon er: Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.

Barnehagane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med barnevern, helsestasjon, skule, kulturskule og vaksenopplæring er barnehagedrifta ein del av Sektor Oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon.

Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppe- og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 8. mars, 11. mars og 12. mars. Andre datoar kan og verte aktuelle.

Tilsetjing vil vere avhengig av eventuelle interne endringar.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk leiar skal leie personalet og det pedagogiske arbeidet på avdelinga, støtte enkeltbarn si utvikling og fremme inkludering i barnegruppa, bidra til kontaktskaping og samhandling med føresette.

Som pedagogisk leiar :

  • er du ein aktiv del av barnehagen sitt leiarteam og ein tydeleg leiar for personalet på avdelinga
  • har du ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet både for det einskilde barnet og barnegruppa
  • arbeider du målretta for eit trygt og godt omsorgs- og læringsmiljø i nært samarbeid med barn, foreldre og kollegaer
  • har du ansvar for tverrfagleg samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartar
  • har du medansvar for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
  • har du medansvar for at personalet arbeider mot felles målsetjingar
  • deltek du på møte, kurs, endrings- og utviklingsarbeid og held deg fagleg oppdatert
  • må du vere ein støttande og tydeleg leiar som har ansvar for opplæring og rettleiing av medarbeidarar og arbeider målretta med arbeidsmiljøet på avdelinga
  • får du delegert arbeidsoppgåver frå styrar
  • har du ansvar for rettleiing av barnehagelærarar, fagarbeidarar, assistentar og vikarar

Barnehagelærar skal utføre pedagogiske opplegg, støtte enkeltbarn si utvikling og fremme inkludering i barnegruppa. bidra til kontaktskaping og samhandling med føresette. Arbeidet kan vere både i barnegruppa og/eller oppfylging av enkeltbarn.

Som barnehagelærar får du eit medansvar for:

  • å prioritere barn sin leik, læring og medverknad i nært samarbeid med pedagogisk leiar
  • å legge tilrette for eit godt og trygt omsorgs- og læringsmiljø for det einskilde barnet og barnegruppa i nært samarbeid med barn, foreldre og kollegaer
  • tverrfagleg arbeid i nært samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartar
  • utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
  • å delta på møte, kurs, endrings- og utviklingsarbeid samt halde deg fagleg oppdatert
  • at personalet arbeidar mot felles målsetjingar
  • rettleiing av medarbeidarar
  • å vere ein aktiv bidragsytar i å utvikle eit godt arbeidsmiljø
  • får du delegert arbeidsoppgåver frå styrar og pedagogisk leiar

Kvalifikasjonar

  • godkjent utdanning som barnehage-/førskulelærar
  • god framstillingsevne munnleg og skriftleg
  • for søkjarar til pedagogisk leiarstilling så er det ønskeleg med utdanning og/eller erfaring innan rettleiing
  • god IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar

Du:

  • får god kontakt med enkeltbarn, og kan leie større barnegrupper
  • prioriterer barn sin leik, læring og medverknad
  • har evne til å bygge gode relasjonar med barn, foreldre og tilsette
  • har evne til å lytte og søkje gode løysningar
  • har høg fagleg kompetanse og evne til refleksjon om eigen og felles praksis
  • er endrings- og utviklingsorientert
  • kan arbeide sjølvstendig og systematisk, samtidig som du søkjer samarbeid med kollegaer for å nå felles mål
  • er tydeleg på forventningar og tilbakemeldingar

Personlege eigenskapar og stabilitet vert vektlagde saman med utdanning og praksis.

Vi tilbyr

  • utfordrande og spennande oppgåver i barnehagar som er i stadig utvikling
  • eit kreativt og samarbeidande miljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • ein arbeidsplass der vi utviklar, ser og oppmuntrar kvarandre

Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest før ein startar i stillinga, jfr barnehagelova § 30.

Prøvetida er 6 mnd.

Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste vert laga.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.