Annonse

Ledig stilling publisert: 02.05.2024 kl 15:31

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Jan Olav Hoggen
Tlf: 951 70 854
Tittel: avdelingsleiar

Om stillinga

Heltid
Privat sektor

Søknadsfrist

19.05.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Prosjektleiar rekkverk

Vil du vere med på å sikre tryggare vegar?

Vik Ørsta er på jakt etter ein motivert og omgjengeleg prosjektleiar som vil vere med på det viktige arbeidet med å sikre tryggare vegar i Norge.

Eit rekkverk er ikkje berre eit rekkverk, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp til å nå visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken!

Om stillinga

Som prosjektleiar har du eit tett samarbeid med sal, teknisk avdeling og produksjon. Du blir ein del av et team innanfor Noregs leiande avdeling for veg- og brurekkverk.

Hovudoppgåver vil vere:

  • Å sørgje for at rett produkt blir levert til rett tid.
  • Bidra til kvalitetssikring av leveranse.
  • Å vere det interne bindeleddet som får prosjektet til å flyte gjennom organisasjonen.

Kven vi ser etter

Vi ser etter deg som:

  • Har teknisk kompetanse/forståing.
  • Har ein strukturert arbeidsmetodikk.
  • Kommuniserer klart og godt.
  • Har gode haldningar og lyst til å lære.

Du må kunne vise forståing for produktregelverk og kontraktshandtering, og gjerne ha kompetanse innanfor CAD-verktøy.

Dersom du har driv til å vere med på veg framover, integritet til å navigere handlingane dine etter og omtanke for folk, så passar du godt inn hos oss.

Vik Ørsta

Strandgata 59
6150 Ørsta

Tlf: 70047000
Hjemmeside
E-post: firmapost@vikorsta.no

Vik Ørsta er ei leiande kunnskapsbedrift som leverer produkt og løysingar innan marknadsområda Lysmast, Bergsikring, Rekkverk og Marina. Bedrifta er lokalisert i Ørsta og i Vik i Sogn. Vik Ørsta er ein del av Saferoad-konsernet, som er ein leiande leverandør av trafikksikringsløysingar i Europa. Les meir om Vik Ørsta på vikorsta.no

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.