Ledig stilling publisert: 02.05.2024 kl 15:34

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Asle Svastuen
Tlf: 909 92 160
Tittel: avdelingsleiar

Om stillinga

Heltid
Privat sektor

Søknadsfrist

19.05.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Automasjonsingeniør

Er du ein nysgjerrigper?

Er du ho som skrudde frå kvarandre leikene då du var lita for å sjå korleis dei fungerte? Eller han som har runda alle PlayStation-spela og kjenner til alle snarvegane?

Om du kan kjenne deg igjen i dette, så er du kanskje den vi treng for å styrke avdelinga vår for utvikling av produksjonsteknisk utstyr!

Om stillinga

Stillinga byr på utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innanfor ei sjølvgåande, kreativ og innovativ avdeling.

Hovudoppgåver vil vere:

  • Ta del i utvikling av maskiner og prosessar.
  • Utvikling, installasjon, testing og igangkøyring av maskiner.
  • PLS og HMI-programmering.
  • Bygge og dokumentere styring til maskiner.
  • Opparbeide relasjon med eksterne leverandørar.

Kven vi ser etter

Vi ser etter deg som:

  • ser løysingar der andre ser problem.
  • bidreg positivt inn i eit velfungerande team.
  • har gode haldningar og lyst til å lære.

Det er ein fordel om du har høgskule, teknisk fagskule eller anna relevant utdanning eller erfaring.

Dersom du har driv til å vere med på veg framover, integritet til å navigere handlingane dine etter og omtanke for folk, så passar du godt inn hos oss!

Vik Ørsta

Strandgata 59
6150 Ørsta

Tlf: 70047000
Hjemmeside
E-post: firmapost@vikorsta.no

Vik Ørsta er ei leiande kunnskapsbedrift som leverer produkt og løysingar innan marknadsområda Lysmast, Bergsikring, Rekkverk og Marina. Bedrifta er lokalisert i Ørsta og i Vik i Sogn. Vik Ørsta er ein del av Saferoad-konsernet, som er ein leiande leverandør av trafikksikringsløysingar i Europa. Les meir om Vik Ørsta på vikorsta.no

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.