Ledig stilling publisert: 13.05.2024 kl 14:20

Arbeidsstad:

Storgata 7, Volda.

Kontaktperson:

Tore Aarflot
Tlf: 99522999
E-post: Send e-post
Tittel: Dagleg leiar

Om stillinga

Deltid
Privat sektor
1 stilling

Søknadsfrist

31.05.24

Vikar: Grafisk arbeid, salsarbeid avis og ferdiggjering

Aarflot Media treng vikarhjelp. Arbeidet er variert og spenner over fleire oppgåver innan grafisk, sals- og kundearbeid, digitaltrykk, ferdiggjering av trykksaker og rutinemessige daglege oppgåver.

Arbeidsfeltet vi treng hjelp for å løyse er breitt fagmessig. Vi ventar ikkje å finne ein person som har kunnskap om alle oppgåvene. Det viktigaste no er det som sorterer under grafisk- og salsarbeid. Vi vil gi nødvendig opplæring i arbeid med ferdiggjering og digitaltrykk.

Det er ei deltids vikarstilling på 45-50% og startar snarast.

Grafisk arbeid: Mykje at dette arbeidet vert løyst i programma Indesign og Photoshop. Vi jobbar også i nokre interne publiseringsverktøy det vil bli gitt nødvendig opplæring i.

Salsarbeid: Vi jobbar både mot avis- og grafiske kundar. Arbeidet rettar seg mest inn mot avisarbeid (annonser og abonnement), og gjeld både oppsøkjande arbeid og dagleg kundebehandling. Det vert også noko rutinemessig dagleg vedlikehaldsarbeid.

Ferdiggjering:
Vi har grafisk avdeling med både digitaltrykk, bokavdeling og ferdiggjering. Vi treng hjelp til ulike deler av ferdiggjeringa.

Personen vi søkjer etter må

• Ha kjennskap til dei grafiske programma: Photoshop, Indesign.
• Vere innstilt på å få opplæring i andre publiseringsverktøy, og anna maskinelt utstyr.
• Vere innstilt på oppsøkjande salsarbeid.
• Ha stå-på-humør.
• Vere kreativ.
• Kome lett i kontakt med andre personar.
• Vere sjølvstendig og ein god lagspelar.
• Strukturert, fleksibel og løysingsorientert.
• Kunne nynorsk godt.
• Må ha sertifikat, helst for manuelt gir.

Aarflot Media Holding

Storgata 7
6100 Volda

Tlf: 70 07 44 22
Hjemmeside
E-post: tonje@mre.no

Aarflot Media Holding er eit selskap under paraplyen i medieselskapet som gir ut Møre. Møre vert gitt ut både som papiravis to gongar i veka, og har den aktuelle nettavisa Mre.no. I tillegg har vi trykksakproduksjon med digital trykk, der vi har satsa på eit breitt produktspekter med alt frå visittkort til hefter, magasin og eiga produksjonslinje for bøker i soft- og hardcover.

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.