Ledig stilling publisert: 13.05.2024 kl 15:39

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Aina Øyehaug Opsvik
Tlf: 40092789
E-post: Send e-post

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

20.05.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Barnevernskonsulent

Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande,Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling.

Det er ledig 100 % fast stilling som barnevernskonsulent. Ved eventuell intern tilsetting kan det verte ledig vikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter barnevernslova
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Sakshandsaming for nemnd og rett
  • Deltaking i fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeide i team
  • Noko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom
  • Arbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdom
  • God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifter
  • Ønskeleg med relevant vidareutdanning
  • Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar
  • Godkjent politiattest må leverast før tilsetting
  • Legg vitnemål og eventuelle attestar ved søknaden

Personlege eigenskapar

  • God kommunikasjonsevne som skapar tryggleik og tillit hjå dei du møter i arbeidet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Evne til å sjå moglegheiter, ta beslutningar og ansvar i arbeidet, samt gjere gode faglege vurderingar
  • Evna til å kunne arbeide planmessig og strukturert
  • Gode analytiske evner
  • Kunne meistre eit høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og ta initiativ
  • Evne til rask omstilling frå planlagt arbeid til akutt arbeid
  • Bevisst eigne haldningar, verdigrunnlag og eigenpraksis
  • Vi legg vekt på korleis søkjar vil utfylle personalgruppa elles

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Tenesta har ein lønsplan knytt til masterkravet i barnevernet
  • Systematisk opplæring og rettleiing av nytilsette
  • Prosessrettleiing i gruppe med eksterne rettleiarar
  • Fleksitid
  • Spanande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø
  • Løysingsorientert organisiasjonskultur bygd på tillit og handlingsrom
  • Inkluderande arbeidslivsverksemd
  • God pensjonsornding

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.