Ledig stilling publisert: 13.05.2024 kl 15:44

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Torill Osborg Vinjevoll
Tlf: 48148857

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

26.05.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Seksjonsleiar familieteam

Søre Sunnmøre Barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert på rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling.

Det er ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar for tenesta sitt familieteam. Familieteamet har for tida sju årsverk som i hovudsak har familierettleiing som oppgåve.

Arbeidsoppgåver

Seksjonsleiaren inngår i leiarteamet i tenesta og har medansvar for utvikling og drift av tenesta som heilheit og

  • har personalansvar med rettleiing og oppfølging av tilsette i familieteamet
  • har ansvar for fagutvikling i eigen seksjon
  • delar av stillinga er knytt til familierettleiing.

Kvalifikasjonar

  • Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom. Anna relevant høgare utdanning kan bli vurdert. Legg vitnemål og eventuelle attestar ved søknaden.
  • Relevant vidareutdanning innan leiing og/eller rettleiing.
  • Leiarerfaring.
  • Erfaring frå rettleiing.
  • Erfaring frå kommunalt barnevern eller anna barnefagleg arbeid.
  • Gode datakunnskapar.
  • God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet og relevante forskrifter.
  • God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne.
  • Førarkort klasse B.
  • Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
  • Godkjent politiattest må leverast før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • God arbeidskapasitet; kunne meistre eit høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og ta initiativ.
  • Gode kommunikasjonsevner som skapar tryggleik og tillit hjå dei du møter i arbeidet.
  • God evne til sjølvleiing og leiing av andre.
  • God evne til å få eit team til å fungere saman.
  • Gode analytiske evner.
  • Evne til rask omstilling.
  • Evne til å ta eit overordna perspektiv på teamet og på tenesta.
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheter
  • Omgjengeleg og raus.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale.
  • Rettleiiing.
  • Fleksitid.
  • Spanande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø.
  • Løysingsorientert organisasjonkultur bygd på tillit og handlingsrom.
  • Inkluderande arbeidslivsverksemd.
  • God pensjonsordning.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.