Ledig stilling publisert: 10.06.2024 kl 09:38

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Bodil Brautaset
Tlf: 91194598
E-post: Send e-post
Tittel: Avdelingsleiar barnehage

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

23.06.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Assisterande styrar Bratteberg bhg

Ved Bratteberg barnehage er det frå 01.08.2024 ledig 100 % fast stilling som assisterande styrar.

Vi søker etter deg som har lyst, evne og kraft til å bidra til å vidareutvikle Bratteberg barnehage. Den som vert tilsett må ha evne og vilje til å utvikle seg sjølv og dei tilsette i barnehagen, mot felles mål i eit lengre perspektiv.

Ressursen for leiing er fordelt mellom styrar og assisterande styrar. Som assisterande styrar er stilling for tida 50 % administrativt og 50 % er avsett til arbeid i barnegruppa. Bratteberg barnehage har komande barnehageår omlag 75 barn.

Bratteberg barnehage er ein praksisbarnehage med eit godt samarbeid med Høgskulen i Volda.

Volda kommune eig åtte barnehagar. Styrar og assisterande styrar er med på driftsmøte kvar månad. Volda kommune samarbeider om leiaropplæring saman med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjernesamarbeidet.

Saman med barnevern, helsestasjon, vaksenopplæring, kulturskule og grunnskule, er barnehage ein del av sektor oppvekst i Volda kommune.

Visjonen til sektor oppvekst er "Volda kommune har trygge, barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer". Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for barn, unge og vaksne i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr, og dei skal ha like moglegheiter til å utvikle evnene sine.

I Voldabarnehagen vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode utviklings- og læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hjå våre tilsette.

Som tilsett må du og kunne identifisere deg med, og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:

RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE

Assisterande styrar skal i sitt arbeid samarbeide og samhandle med styrar for å sikre at barnehagen vert drive etter gjeldande lov- og avtaleverk og kommunale vedtak for verksemda. Dersom det vert organisatoriske endringar, må assisterande styrar vere budd på endring i arbeidsoppgåvene.

Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppeintervju og individuelle intervju. Førebels aktuell dato er 25. juni og 26.juni. Andre datoar kan og verte aktuelle.

Arbeidsoppgåver

  • medansvar for pedagogisk planlegging og utviklingsarbeid
  • medansvar for samarbeid barnehage – heim
  • medansvar for HMT-arbeidet i barnehagen
  • medansvar for samarbeid med andre instansar
  • medansvar for budsjett- og økonomiarbeid, og arbeid med internkontroll
  • medansvar for å organisere den daglege drifta -turnus/vikarbehov
  • medansvar for å rettleie og følge opp dei tilsette
  • arbeid i barnegruppa

Andre oppgåver kan kome til.

Styrar har ansvar for å fastsette arbeidsfordelinga mellom seg og assisterande styrar. Assisterande styrar har ansvaret i barnehagen, når styrar er fråverande.

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk utdanning, med erfaring som pedagogisk leiar og/eller styrar
  • god digitaldidaktisk kompetanse
  • ha kjennskap til relevant lov- og avtaleverk, samt kunne bidra til god ressurs- og økonomistyring
  • gjennomført styrarutdanning samt leiarerfaring. Dersom den som vert tilsett ikkje har slik styrarutdanning, er det forventa at det vert teke innan tre år

Personlege eigenskapar

Søkjaren vi søkjer:

  • er ein god relasjonsbyggar
  • har god barnehagefagleg kompetanse og evne til å leie endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen
  • er strukturert, fleksibel og løysningsorientert
  • har evne til å inspirere, involvere og motivere sine medarbeidarar
  • har god rettleiingskompetanse
  • er sjølvstendig og har gode framdrifts- og gjennomføringsevner
  • er kunnskapsorientert og har god innsikt i forsking på barnehagefeltet, og evner å bruke kunnskapen i praksis
  • forstår viktigheita av medverknad og samskaping med barn, foreldre, tilsette og nærmiljø for å skape sterke barnefellesskap
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Saman med formal- og relasjonskompetane, vil dei personlege eigenskapane verte vektlagt.

Vi tilbyr

  • spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Fagleg utvikling er viktig for oss, og vi vil legge til rette for eigenutvikling
  • erfaringsdeling og god oppfølging
  • ein kommune som ser verdien av å arbeide saman i eit godt tverrfagleg miljø for å sikre barn og føresette eit godt tilbod
  • gode forsikringsvilkår

Stillinga er plassert i kap 4. Løn etter avtale. Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.