Klargjør siden...

Ledig stilling publisert: 13.03.2025 kl 16:05

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Bodil Brautaset
Tlf: 91194598
E-post: Send e-post
Tittel: Avdelingsleiar barnehage

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

20.04.25

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Fagarbeidarar og assistentar - barnehage

Volda kommune kan frå barnehageåret 2025/2026 ha ledige stillingar i barnehagane som fagarbeidarar og assistentar. Det kan verte ledig både faste stillingar og vikarstillingar. Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar.

Dei kommunale barnehagane er som følgjer:

  • Austefjord barnehage
  • Bratteberg barnehage
  • Engeset barnehage
  • Folkestad barnehage
  • Hornindal barnehage
  • Lauvstad barnehage
  • Mork barnehage
  • Oppigarden barnehage

Sektor oppvekst sin visjon er:

Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.

Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barn ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.

Barnehagane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med helsestasjon, barnevern, skule, kulturskule og vaksenopplæring er barnehagedrifta ein del av sektor oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon.

Du må kunne identifisere deg med og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:

RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE

Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn, unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.

Kommunen nyttar nynorsk som målform.

CV må fyllast ut i søknaden.

Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppe- og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 28.april og 7.mai. Andre datoar kan og verte aktuelle. Referansar blir kontakta etter intervju.

Tilsetjing vil vere avhengig av eventuelle interne endringar.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet er knytt til barn i barnehagealder, og kan vere både på små- og storbarns avdeling. Arbeidet kan og vere knytt til oppfylging av enkeltbarn.

Kvalifikasjonar

Personar med følgjande kompetanse vert oppmoda om å søke:

  • gjerne fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • erfaring frå arbeid med barn
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • bestått norskprøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27, UDIR § A2-B1
  • grunnleggjande datakunnskapar

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er:

  • glad i barn og har evne til å bygge gode relasjonar
  • tolmodig, omsorgsfull og som ynskjer å gjere kvardagen til barna trygg og stabil
  • kreativ, forskande, undrande og har evne til å skape engasjement og er deltakande i barn sin leik og utvikling
  • fagleg engasjert og løysningsfokusert
  • fleksibel og samarbeidsorientert for å nå felles mål

Vi tilbyr

  • spennande oppgåver, der ein får medverke til å skape ein god barnehage for alle barn
  • eit kreativt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • høve til fagleg utvikling og vekst

Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr barnehagelova § 30.

Den som vert tilsett må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg.

Prøvetida er 6 mnd.

Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste vert laga.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Annonse