Klargjør siden...

Ledig stilling publisert: 13.03.2025 kl 16:10

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Line Homberset
Tlf: 70058870
E-post: Send e-post
Tittel: fagkonsulent oppvekst

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

20.04.25

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Miljørettleiar i skule

Det kan frå skuleåret 2025-2026 verte ledige stillingar som miljørettleiar ved fleire av skulane i Volda kommune. Det kan vere både vikariat og faste stillingar i ulike stillingsstorleikar. Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar. Behova er enno ikkje fullt ut definerte, og søkarane vil vere aktuelle kandidatar heilt fram til skulestart.

Sektor oppvekst sin visjon er:

Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.

Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I skulane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.

Skulane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med helsestasjon, barnevern, barnehage, kulturskule og vaksenopplæring er skuledrifta ein del av sektor oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon.

Du må kunne identifisere deg med og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:

RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE

Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn, unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver

I samarbeid med lærarane og skuleleiinga støtte elevane i deira læringsarbeid. Det vil og vere målretta miljøarbeid knytt mot enkeltelevar/elevgrupper. I tråd med stillingsomtalen som gjeld miljørettleiarane i Voldaskulen er det slik vi ønsker å beskrive arbeidsoppgåvene til miljørettleiarane:

  • i samarbeid med rektor/kontaktlærar/lærar ha medansvar for eleven/elevgruppa sitt tilbod. I dette ligg det så langt som råd tid til planlegging av tiltak og aktivitetar for eleven/elevgruppa i tråd med læreplan og individuelle planar
  • utføre aktivitetar saman med elev(ar) etter nærare oppsett plan og behov
  • delta i omsorgsarbeid kring eleven
  • delta i rettleiing og samhandling med dei som har det samla ansvaret for eleven/gruppa si opplæring
  • planlegge eige arbeid i samråd med kontaktlærar/spesialpedagog med utgangspunkt i individuell opplæringsplan
  • bidra til godt samspel mellom elevar og vaksne
  • det kan verte lagt arbeid knytt til SFO inn i stillinga til miljørettleiaren

I vår kommune har vi særskild fokus retta mot elevar som har eit fråvær som uroar. I slike saker vil miljørettleiaren i samarbeid med lærarar og skuleleiing spele ei aktiv og viktig rolle.

Kvalifikasjonar

Som miljørettleiar legg ein til grunn godkjent 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, som t.d barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar.

Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til stillinga. Vi legg vekt på personlege eigenskapar, jf punkta nedanfor.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • har evne til å bygge gode relasjonar
  • har engasjement og hjarte for arbeid med barn og unge
  • er ein vaksen som er trygg, omsorgsfull og er tydeleg
  • har gode samarbeidsevner med kollegaer og føresette
  • er fleksibel, har stor arbeidskapasitet og bidreg til fellesskapet
  • er sjølvstendig i arbeidet

Vi tilbyr

Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske statsborgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr opplæringslova § 17-11.

Prøvetida er 6 mnd.

Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar som søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønsker at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngi dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønske om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Annonse