Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Cecilie Bjørlykke Tlf: 97520931 E-post: Send e-post Tittel: Avdelingsleiar skule
21.05.25
Gå til skjema »
Ved Volda ungdomsskule er det frå 01.08.2025 ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor. Volda ungdomsskule har omlag 320 elevar, fordelt på 3 trinn og fire parallellar og kring 55 tilsette. Ressursen til leiing er fordelt mellom rektor og to likestilte assisterande rektorar. I tillegg har skulen andre administrative ressursar, mellom anna merkantil stilling som p.t er 80 %. Stillinga har 90 % tid avsett til leiing/administrasjon, medan 10 % er avsett til undervisning (td. vikartimar). Stillinga vil også ha eit sjølvstendig personalansvar.
Volda kommune har sju grunnskular. Rektorar og assisterande rektorar er med i leiaropplæring og har eit leiarforum med møte kvar månad. Volda samarbeider og i høve leiaropplæring med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjernasamarbeidet.
Volda ungdomsskule er ein praksisskule med eit sterkt og tradisjonsrikt samarbeid med Høgskulen i Volda.
Saman med barnevern, helsestasjon, barnehage, vaksenopplæring og kulturskule, er grunnskuledrifta ein del av sektor oppvekst i Volda kommune.
Arbeidsoppgåver
Visjonen til sektor oppvekst er Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer. Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for barn og ungdom i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege. Dei må kunne bidra til eit anerkjennande miljø som gir grobotn for vekst og utvikling for elevane. I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr. Alle våre barn og unge skal ha like mogelegheiter til å utvikle evnene sine.
Sektor oppvekst er ein lærande organisasjon der erfaringsdeling og kunnskaps- og ferdigheitsutvikling har fokus. I alle einingane arbeider vi med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hjå våre tilsette. I Voldaskulen er vi inne i ulike satsingar, som vert vidareført. Mellom satsingsområda er lesing og eit trygt og godt læringsmiljø. Elevane på ungdomstrinna i kommunen har eigen Chromebook til bruk i læringsarbeidet. Å ha kompetanse og erfaring i å drive utviklingsarbeid i ein lærande organisasjon er ein fordel. Vi søker etter ein person som kan vere med å leie skulen mot våre mål.
Assisterande rektor er rektor sin stedfortredar. Assisterande rektor skal i sitt arbeid samarbeide og samhandle med skulen si leiargruppe for å sikre at skulen vert drive etter gjeldande lov -og avtaleverk og kommunale vedtak for verksemda. Ein skal vidare assistere rektor i å gjere vedtak i saker som etter lov- og delegeringsfullmakter er lagt til rektor.
Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn og unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg, særleg dei familiane det er knytt uro kring. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.
Volda kommune har starta arbeidet med å etablere heiltidskultur. Det er forventa at leiarar i Volda kommune tek ei aktiv rolle i dette arbeidet.
Assisterande rektor skal ta i vare funksjonar knytt til personalleiing og fagleg -og administrativ leiing ved skulen. Funksjonane kan ein i korte trekk omtale slik:
Rektor har ansvar for å fastsette arbeidsfordelinga mellom seg og assisterande rektorar.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Saman med formal- og realkompetanse, vert dei personlege eigenskapane vektlagt. Aktuelle søkararar vert kalla inn til intervju. Referansar kan bli kontakta etter intervju.
Vi tilbyr
Løn og pensjon etter gjeldande vilkår.
Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.3
Kommunen nyttar nynorsk som målform. CV må fyllast ut i søknaden.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Det er avsett tid til intervju 28.05 og 02.06.
Referansar vil verte nytta. Ved intervju skal det leggast fram rettkjende kopiar av vitnemål og attestar.
Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som kjem fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg
Prøvetida er 6 mnd.
Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.
Stormyra 2 6100 Volda
Tlf: 70 05 87 00 Hjemmeside E-post: postmottak@volda.kommune.no
I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien. I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i. I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut. Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser
Vis alle ledige stillinger
Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.