Klargjør siden...

Kunsthandverksprisar til Stine Aas og Toril Bonsaksen

Stine Aas og Toril Bonsaksen er heidra med Stiftelsen Scheiblers prisar i design og kunsthandverk.

Begge prisane består av 250.000 kroner. Prisutdelinga vart halden i Nasjonalmuseet i Oslo tysdag.

Berekraftige materiale står sentralt hos årets kunstnarar. Toril Bonsaksen viste mellom anna fram ein stol ho hadde dekt med gaflar og skeier.

(©NPK)

Prisen innan kunsthandverk gjekk til Toril Bonsaksen som sit i stolen ho har dekt med gaflar og skeier. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Stiftelsen Scheibler deler ut prisane som gjekk til Toril Bonsaksen i kunsthandverk og Stine Aas (t.v.) i design. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Annonse