Møre

Møre

Ørsta har store økonomiske utfordringar:

Kutt i tenester, tal på tilsette og sprengt låneramme

Økonomileiar Jan Inge Bueide og Wenche Solheim orienterte om dei store økonomiske utfordringane Ørsta kommune står ovanfor. Kommunestyret vil snart få budsjettet med forslag til kutt i fleire sektorar.

– Så tøft som det er no har ingen kommunar opplevd på mange år. Vi har ikkje klart å omstille oss, og vi må kutte i tenester, tal på tilsette og bruke av fond, sa rådmann Wenche Solheim i budsjettmøtet tysdag.

Møre
Møre

Publisert:

Ho byrja positivt:

– Det er mykje bra som skjer i Ørsta. Vi har eit godt næringsliv, høg sysselsetjing, vi har folketalsvekst og vi har gjort viktige investeringar i til dømes skule, barnehagar og fleirbrukshall.

Men, så kjem utfordringane:

– Samanlikna med kommunane rundt oss har vi mange sjukeheimar, og det gjev oss ei dyr omsorgsteneste. Det er mindre inntekter til offentleg sektor, medan utgiftene i helse og omsorg aukar. Vi får auka kostnadar knytt til førebygging av reparering av klimaendringar. Gjennom bemanningsnormer og individuelle rettar vert handlingsrommet til kommunane redusert. Vi har mange ventande investeringar.

Fleire kommunar slit, og staten er bekymra for utviklinga.

– Det er vanskeleg å få etablert ei kriseforståing når pensjonsfondet passerer tusen milliardar kroner. Folk trur vi er rikare enn vi er. I 2018 vart vi berga av Havbruksfondet. Det er mest kritisk for helse- og omsorg: Lønns- og prisveksten er på 3,3 prosent, medan driftsutgiftene er på 8 prosent i landssnitt. Alt tyder på at denne utviklinga held fram.

Kutt i tenester og tilsette

Årsprognosen for Ørsta kommune viser eit meirforbruk på 14,5 millionar kroner i 2019, med ei meirinntekt på 9,4 millionar kroner. Overforbruket er særleg stort innan helse- og omsorg. I tillegg vert det ei auke i renter og avdrag på om lag 14 millionar kroner til neste år.

Då kommunen kom ut av Robek i 2016 vaks driftsutgiftene med sju prosent. Det har gått litt ned, men utviklinga held fram med større auke i utgifter samanlikna med inntekter. Dette er ikkje berekraftig over tid.

I 2020 må Ørsta kommune klare seg med mindre.

– I prosessen frå statsbudsjettet kom og fram til no har vi kutta for 34 millionar kroner for å nærme oss det vi har i disposisjon. Vi har kutta i tenester og vi må kutte i tal på tilsette. Dette vert umogleg utan å bruke om lag 20 millionar av fond. Vi må skubbe på investeringar og vere veldig bevisste på dei investeringane vi gjer – det er ikkje plass til nye tiltak, fortel Solheim.

Ei nasjonal utfordring

Kostnadsauken i helse- og omsorgssektoren, samt at eininga slit med å halde budsjettet nede er ei nasjonal utfordring.

– Helse- og omsorg må tole krav om effektiv drift, og dersom vi skal ha ei berekraftig teneste må vi gjere noko anna i dag enn i går. Årsverksbehovet går ned for skule og barnehage, men for helse- og omsorg vil det auke frå 144.900 (2018) til 183.300 årsverk (2028). Helsedirektoratet er klar på utfordringane vi står ovanfor – men at ein må sikre kvalitet, gode tenester, kontinuitet, styrke leiarrolla, arbeide for kompetansebygging, utvikling, rekruttering og god utnytting av ressursane, seier Solheim.

Samhandlingsreforma har gjeve få nye legeårsverk til primærtenesta og det har blitt ei valdsam auke i spesialisthelsetenesta. Det positive er at både kommunen og helsedirektoratet er oppteken av heiltidskultur – som kan bidra til å styrke leiinga.

Kommunen brukar meir enn dei har

Låneramma i Økonomiplanen (2019–2023) auka etter vedtak, frå 1,2 til 1,25 milliardar kroner.

– Ein må lage realistiske budsjett og ta omsyn til verkelegheita, ikkje det som er vedteke. Difor må vi utsette nokre investeringar. I 2020 klarer vi å halde oss innanfor den vedteke investeringsramma, men ikkje i 2021. I juni bør ein difor gjere nytt vedtak: kutte i investeringar eller auke grensa. Dei årlege minimumsavdraga aukar og vil halde fram å auke grunna investeringar, opplyste økonomileiar Jan Inge Bueide.

Lånegjelda bør ikkje passere meir enn 70–75 prosent, no ligg det på 109,6 prosent (passerte allereie i 2015). Dispensasjonsfondet har blitt nytta til fleire budsjettvedtak denne perioden, og vil grunna fleire årsaker bli brukt opp i 2022. For å halde oppe ein buffer bør ein kutte 95 millionar kroner meir i utgiftene. Nettodriftsresultat er negativt – kommunen brukar meir enn dei får.

Fleire forslag til kutt

Rådmannen ynskte ikkje å gå detaljert inn på det komande budsjettet og forslag til kutt. Budsjettet vert presentert for formannskapet om ei vekes tid.

– Dette råkar mange, difor vil vi vente med offentleggjering. Det ligg inne forslag til kutt, men om de vil velje vekk nokre av forslaga må noko anna ut, seier Solheim.

Det er gjort ein del vedtak frå kommunestyret på kva dei vil akseptere, noko som legg føringar på kvar administrasjonen kan kutte. Ordførar Stein Aam peika på planlagde investeringar, der fleire alt er i gong, og stilte spørsmål ved kva som skjer om ein utsett desse.

– Det har sin pris å utsetje investeringane, til dømes vil ein snart måtte leige paviljong for sentrumselevane. Vi må arbeide for kloke investeringar. Vi har eit godt utgangspunkt, med kompetente medarbeidarar, men kanskje litt for gode tenester på enkelte område. Vi er ei låginntektskommune sjølv med eigedomsskatt. Difor må vi liggje under landsgjennomsnittet på det vi leverer også. Etter Robek var vi svoltne på investeringar og hadde eit kraftig vedlikehaldsetterslep. Vi hadde gode år og vi vart vande med ekstrainntekta, seier Solheim og avsluttar:

– Eg trur vi har eit handlingsrom, men fyrst må vi få ei forståing av at vi ikkje kan bruke meir pengar enn vi har.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...