Kvamsdal/Sørum til åttedelsfinale i sandvolley-EM

(NPK-NTB): Det norske sandvolleyballparet Morten Kvamsdal og Christian Sandlie Sørum er klare for åttedelsfinalen i sandvolleyball-EM fredag.

Kvamsdal/Sørum slo tyske Jonathan Erdmann/Kay Matysik med 21-19, 21– 18 i første runde i cupspelet.

Duoen var den einaste av dei norske som tok seg vidare frå gruppespelet. Iver Horrem og Geir Eithun blei slått ut i gruppespelet.

I åttedelsfinalen laurdag står italienske Paolo Nicolai og Daniele Lupo for tur.

Ingen av dei norske kvinnepara, Victoria Faye Kjølberg/Ingrid Lunde og Janne Kongshavn/Vilde Solvoll, klarte å ta seg vidare frå gruppespelet. (©NPK)