Klargjør siden...

Kvar femte Statoil-tilsette skal vekk før 2017

(NPK-NTB): Statoil starta nedbemanninga og kostnadskutta før det enorme oljeprisfallet begynte i 2014. Innan utgangen av året reknar dei med å ha 20 prosent færre tilsette.

– Då vi sette i gang for snart tre år sidan, var det få, både internt i Statoil og eksternt, som forstod kvifor vi sette i gang med dette. To og eit halvt år etter ser vi at så godt som heile bransjen er i gang med dei same prosessane, seier HR-direktør Magne Hovden i Statoil til Teknisk Ukeblad.

Kostnadsnivået i selskapet låg så høgt at fleire prosjekt ikkje betalte seg sjølv då oljeprisen låg på 100 dollar fatet. Ved utgangen av 2013 hadde Statoil omkring 23.400 tilsette, to år seinare er talet nede på 21.600. Ved utgangen av 2016 skal det ytterlegare ned, til under 20.000. Målet er at innleigde og fast tilsette skal gå frivillig, utan oppseiingar og tvungen avgang.

Ifølgje Hovden er dei tilsette etter kvart blitt samde i grepa selskapet har tatt, sjølv om det utløyser uro og frustrasjon at så mange kollegaer sluttar. (©NPK)

Annonse